http://www.flickr.com/photos/daquellamanera/522136292/

Ego, Ego, Ego, og Eg


Skrevet av Jan Ove Ulstein


Stikkordet Ego gir fleire assosiasjonar for ein som har levd ei stund.

Den som er ego, er sjølvoppteken, fremjar sitt eige og tek ikkje omsyn til andre. Det er ikkje uvanleg. Det er så vanleg at det for lengst er observert i teologien under eit upopulært uttrykk: synd, faktisk sjølve grunnsynda. Det er å vere innkrøkt i seg sjølv, seier Luther. Eller vi kan gå lenger tilbake, til ei klage av Paulus: Dei søkjer berre sitt eige! Ja, sjølve søkinga etter frelse kan vere smitta av same egoisme: ein vil sikre seg ei tomt i himmelen.

Men vent no litt. Er det noko ideal å slette seg sjølv ut, vere ego-svak og kronisk søkje skuggane? Og kan ikkje det vere resultatet av den evinnelege svartmalinga av syndaren?

Her ligg nokre historiske erfaringar. Å erkjenne synd, seie det som det er og ikkje som det burde vere, har vore og er viktig i forkynning til omvending og til sjølvoppgjer. Min generasjon veit om dette, og vi har lese nok psykologi til å forstå at syndserkjenning og sjølvforakt ikkje er det same. Bjørn Eidsvåg har vore god i tekstene sine både på oppgjeret, der det trengst, og til å minne om at «Du e noke». Etterkrigsgenerasjonen har måtte balansere her for å minne om det, med songar som «Husk at du er värdifull/ att du är elskat her och nu».

Den postmoderne generasjonen står i fare for å misse ein balanse. «Fordi du er verdt det» er reklameord som kan vere gode nok, men i ein postmoderne setting der ein trur på signalementet om det suverene Ego som kan velje fritt på øvste hylle og velje sin identitet etter smak, så blir kravet til det verkeleg vellukka mennesket skyhøgt. Reklamen forsterkar det med gode løysingar for den kjøpekraftige. Ikkje alle kan vinne Idol, sjølv om ein er verdt det. Då stikk ein samtidig hovudet inn i ein nådelaus konkurranse i ei sjølvutleverande realty-tid.

Under ligg nok eit grunnleggande behov for eit (menneske)barn: sjå meg, høyr meg, elsk meg!  Kanskje samtidig med ei sanselaus sjølvdyrking, kalla hybris på gresk. Det kan vere ein (for) sterk coctail.

Mange har peika på det narsisistiske ved denne kulturen. Det er noko ego-svakt når ein må krevje ei kraftig ytre stadfesting. Samtidig som ein skal vere suveren.  Det postmoderne mennesket er framleis eit sårbart menneske, og vi speglar kvarandre heile tida (Mead). Å snakke sant om seg sjølv og livet er framleis viktig, anten det er oppgjer med fortida eller forventing om framtid. Teologisk tala er det viktig å kunne spegle seg også i nåden. Eg er eit Eg med ei blanding av nedtur og opptur. For å leve meiningsfullt må vi ha eit Du å forhalde oss til. Då er vi midt i det dobbelte kjærleiksbodet i alle aldrar. Kan hende møter vi då ein nådig neste.

Foto: http://www.flickr.com/photos/daquellamanera/522136292/

Relaterte artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *