EG, SEND MEG!


Skrevet av Arnt Johan Vistnes, sokneprest i Skåre menighet


«Så du er prest..? Har du eit kall då eller?»

Eg blir alltid litt satt ut av det spørsmålet, for då føler eg at eg må rettferdigjera at eg er prest med ei sterk historie om at eg følte meg kalla av Gud. Den historia er liksom ikkje der.

Tenk på Jesaia for eksempel: I Jesaia 6, i Det gamle testamentet, kan me lese om når han vart kalla til å bli profet. Han tok ein tur i templet og så såg han Herren sitja på ei høg trone, det var englar og serafar, det var røyk og det rista i dørboltane når Herren sjølv ropte: «Kven skal eg senda og kven vil gå for oss?»

«Eg! Send meg!», svara Jesaia då.

Det hadde jo vært kjekt å kunne fortelja noko liknande når folk spør meg om eg har eit kall. Men må det vera så dramatisk?

Når eg har fått tenkt meg litt om så handlar mitt kall om at forskjellige folk sa til meg at eg burde tenka på å bli prest. Det kan me kalla eit ytre kall. Og så, etter først å ha avvist tanken, så kunne eg etter ei tid sjå at prestejobben faktisk var noko eg kunne tenke meg. Denne sakte indre overbevisningen kan me kalla eit indre kall.

Eit kall kan altså vera at noko seier til deg at du burde tenke på bli noko bestemt og at du sjølv kjenner (etter å ha tenkt litt) at dette er faktisk noko som kan gi meining. Og så begynner ein berre å gå den vegen. Så blir ting litt klarare etterkvart som ein går.

Jesaia kjente seg først heilt uverdig i møte med det som møtte han i templet, men så skjøna han at han var gjort verdig av Gud. «Di skuld er borte, og di synd er sona», fekk han høyre. Då svara han «JA» til. Men vegen vart til medan han gjekk og han vart ein av dei største og viktigaste profetane i Bibelen. Me skal ikkje sitje for lenge på gjerdet og gruble og vente på den store overbevisninga heller. Vegen blir til medan me går på han!

Me treng fleire prestar, diakonar, kateketar, kantorar, ungdomsarbeidarar og trusopplærarar i kyrkja vår. Det er faktisk eit skrikande behov, så eg håpar at du og fleire andre kan få kall og vilje til å ta ei form for kyrkjeleg utdanning og seinare søkja arbeid i ein menighet. Men å ha eit kall er noko større og vidare enn berre å jobbe i kyrkja.

Vår mann i Wittenberg på 1500 talet, Martin Luther, brukte det tyske ordet «Beruf» om kall. Det betyr yrke. Så i følge Luthersk teologi kan kallet ditt vera snekker, røyrleggjar, siviløkonom, advokat, sjukepleiar, ingeniør osv…. Men det største og viktigaste med kallet er noko som gjeld oss alle som kallar oss kristne. Etter at me kraup ut av døypefonten og vaks meir og meir til så er kallet frå Jesus: Følg meg! Elsk din neste som deg sjølve! Gjer alle folkeslag til læresveinar!

Det er ikkje eit kall som gjeld berre presten eller dei som arbeider i kyrkja eller på bedehuset, det er eit kall til alle oss som kallar oss kristne. På den måten er me alle prestar uansett kva yrke me har. Kalt til å følga Jesus og leia andre til tru på han.

Det er stort! Det er skremmande. Og me kan som Jesaia tenke at «Nei, me er ikkje verdige. Me får ikkje dette til.» Og det er jo ofte sant, men for meg og deg og alle gjeld orda: Sjå du er Guds barn, di skuld er borte og di synd er sona.

Me kan svara som Jesaia: «Eg! Send meg!»

Relaterte artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.