Dagsarkiv: 8. november 2017


Skrevet av Arnt Johan Vistnes, sokneprest i Skåre menighet «Så du er prest..? Har du eit kall då eller?» Eg blir alltid litt satt ut av det spørsmålet, for då føler eg at eg må rettferdigjera at eg er prest med ei sterk historie om at eg følte meg kalla av Gud. Den historia er liksom ikkje der. Tenk på Jesaia for eksempel: I Jesaia 6, i Det gamle testamentet, kan me lese om når han vart kalla til å bli profet. Han tok ein tur i templet og så såg han Herren sitja på ei høg trone, det var englar og serafar, det var røyk og det rista i dørboltane når Herren sjølv ropte: «Kven skal eg senda og kven vil gå for oss?» «Eg! Send meg!», svara Jesaia då. Det hadde jo vært kjekt å kunne fortelja noko liknande når folk spør meg om eg har eit kall. Men må det vera så dramatisk? Når eg har fått tenkt meg litt om så handlar mitt kall om at forskjellige folk sa til meg at eg burde tenka på å bli prest. Det kan me kalla eit ytre kall. Og så, etter først å ha avvist tanken, så kunne […]

EG, SEND MEG!