Andakt: Ikkje den fred verda gjev


Skrevet av Siri Hansen Seltveit


Ikkje den fred verda gjev

Har du nokon gong kjent frykten bre seg inni deg? Denne ubeskrivelege ballen som gjer at hjartet slår raskare og hardare og augene dine ikkje klarer å skjule det du kjenner inni deg. Som gjer at tankane i hovudet stokkar seg og du ikkje klarer tenke klart. Me kan vere redde for mykje forskjellig: Nokon er redde for det dei ser, nokon er redde for det dei ikkje ser. Nokon er redde for andre menneske, nokon er redde for seg sjølve. Uansett – frykten er der like reell til stade i kroppen til den som opplever det. Frykten tek opp plassen til freden. Ja, det kan kjennest som om den brutalt et deg opp innvendig.

Fred?
Når me lever slik som verda vil me skal leve, gir verda oss fred. Når me kjøper dei riktige kleda og vekta viser det riktige antalet kilo. Når me får dei beste karakterane, den beste karrieren er staka ut og huset du har kjøpt ligg i det riktige boligstrøket. Når me omgås dei rette venene som også har den riktige karrieren og kontoen med alle dei store summane. Då får me fred – når me lever etter dei krava verda stiller oss. Verdas fred. Men er denne freden verkeleg verdt å trakte etter? Er eigentleg denne freden, verdas fred, så fredfull som me likar å tru? Jesus lovet aldri at verda hadde fred å by på. Han levde sjølv her på jorda og fekk erfare verdas ondskap på kroppen og veit korleis det er. Jesus sa at ”I verda har de trengsle” (Joh 16.33). Han visste at me som menneske kom til å oppleve denne trengsla; motstand, plage, undertrykking.

Me kan idag lese om kristne rundt om i verda som verkeleg lever i ei trengsle dei fleste av oss som bur i Noreg ikkje kan forstå. Menneske som vert forfulgte, torturerte og drepne på grunn av si tru på Jesus Kristus. Ei trengsle dei fleste av oss ikkje vil klare å begripe kor ille faktisk er. Men likvel: også me vil oppleve trengsler. Fordi me lever i denne verda. Ei verd der ondskapen har større plass enn godheita.

Valg?
Bob Dylan har ein song som går slik: You’re gonna have to serve somebody, it may be the devil or it may be the Lord – but You’re gonna have to serve somebody. Me kjem alle til å tjene nokon, bøyge oss for nokon, kanskje er det djevelen, kanskje er det Herren – men me kjem alle til å tjene nokon.

Kven me velger å tjene og gi oss over til, er opp til oss sjølve. Me har valmoglegheitar! Me kan velge kva eller kven me vil gi oss over til, bøye oss for og tjene. Me kan velge det denne verda har å gi oss; eit liv som tilsynelatande har fred å tilby oss. Eit liv der me kan setje oss sjølve i sentrum og prioritere våre eigne ønsker. Som Bob Dylan sa det i songen; Me kjem alle til å tjene nokon. Me kjem alle til å bøyge oss for nokon. Og dersom eg ikkje gir det gode plass i livet mitt, kjem det onde inn. Det er då verda og dens ’fred’ kjem og tek over plassen inni meg. Denne freden som ingen klarer å halde på fordi me ikkje klarer å halde tritt med alle krava verda set oss. Denne freden som eigentleg berre tek med seg frykten inn i livene våre. Frykten, for ikkje å innfri alle krava verda har for oss, frykten for ikkje å strekje til.

Som sagt kan me velge det denne verda har å gi oss, dette livet der me kan setje oss sjølve i sentrum og prioritere våre eigne ynskjer. Eller me kan velge å bøyge oss for og gi oss over til Herren. Eit liv der me fortsatt er i sentrum, men forskjellen ligg i kven som set oss i sentrum: vi set ikkje oss sjølve i sentrum, men Gud set oss i sentrum!

Og det er dette livet eg sjølv ønsker å leve og ikkje minst ønsker at andre skal få ein smakebit av og få lyst til å leve sjølve. Kvifor? Fordi eg har fått ein smakebit av fred! Men det er ikkje ein smakebit av verdas fred. Jesus sa: ”Fred etterlet eg dykk, MIN FRED GJEV EG DYKK. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det.” (Joh 14.27) Det er denne freden eg har fått ein smakebit av. Denne Guds fred som ikkje kan samanliknast med verdas fred; Gud gjev fred på heilt andre premisser enn det verda gjer. Og denne Guds fred er noko som rommar langt meir enn fråvér av uro – Guds fred gjev ei ro og kvile ingen andre kan gje meg. Eg innrømmer det gjerne: Denne freden kjenner eg ikkje til ei kvar tid. Eg kan kjenne frykten snike seg innpå og få plass inni meg. Den kan skremme meg og det kan kjennest som den et meg opp.

Men gjennom Jesu namn har eg tilgang på ei fred ingen kan forstå utan å erfare den. Fred som gjev meg ei tryggleik om at eg er meir enn bra nok som eg er for Gud. At Han elskar meg høgare enn eg kan forstå. Og at Han vil meg berre godt. Ein liten smakebit av Guds fred får me her på jorda. Nokre dagar ein stor bit, andre dagar kan den verke fråverande. Men me som har tatt vår tilflukt til Jesus skal få trøste oss med, til tross for kva me føler: ”den som held ut til enden, han skal verta frelst” (Matt 24.13). Og Gud har sjølv lova oss at då ”skal herredømet verta stort og FREDEN UTAN ENDE” (Jes 9.7). Inntil då skal me få gå rundt her på jorda, med tilgang på ein himmelsk fred – og det er ikkje den fred verda gjev!

”Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.” (Fil 4.7)

Relaterte artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *