http://www.flickr.com/photos/digimist/3056391344/

Rus og ungdomsteologi


Skrevet av Jan Ove Ulstein


Eit velfundert syn på rus og ruskultur høyrer med til ungdomsteologien. Det må plasserast  i brytinga mellom kunnskap og teologisk perspektiv. Elles ville den vere taus om eit markert trekk ved dagens ungdomskultur, og dermed den livsverda ungdommen er i. Eg skal her risse nokre få strek i feltet, og sjå særleg kva det betyr for ungdomsleiaren.

Det er ikkje lenger sjølvsagt at aktive kristne er fråhaldsfolk, sjølv om bortimot halvparten av kristne ungdommar opplyser ar dei ikkje hadde smakt alkohol – sjølv om dei ikkje hadde ei prinsipielt fråhaldsstandpunkt (undersøking 2004. I ei debattrunde i Vårt Land for sju år tilbake var det intervju med ungdommar frå Acta. Dei praktiserte ikkje flatfyll, men «gladfyll». Deira eigen generalsekretær var fråhalds av omsyn til andre, ikkje pga kristeleg nødvendigheit. Men Rune Larsen kjende seg som ein «riddar av ei tapt sak», men appellerer sterkt for rusfritt liv.

Det finst mykje kunnskap tilgjengeleg om rus og alkohol. Ved å starte på www.blakors.no finn ein linkar vidare. Når det gjeld ungdomsarbeid, så er det eit område der alle ungdomsorganisasjonane er samde om skal vere rusfritt (www.alkokutt.no ).

Det gir ungdomsleiaren ei sentral rolle i tenåringane sine liv. Det første ein skal vite er at ei ruskarriere (statistisk sett!) er avhengig av kor tidleg ho startar. Di seinare debut, di betre utsikter. Og di mindre skade ved fyll. Rusfritt miljø er m.a.o. livshjelp i denne fasen, det er diakoni. Vidare treng ein vite litt om mekanismane omkring ruskultur, ikkje minst det rituelle funksjonen. Det kan vere greitt å vite

1.     det er trua på rusmidlet, forventinga, som gir verknad

2.     det rituelle er viktigare enn den kjemiske reaksjonen

3.     rus er ikkje årsak til endra oppførsel, ein rusar seg for å endre oppførsel

Leiaren er rollemodell. Det stiller spørsmål til eige liv. Deltakarar på Ten Sing Norway er rusfri på jobb, og mange vel eit kvitt år av slik grunnar. Å sjå sin modell dritings på byen fremjar ikkje arbeidet.  Det smakar av dobbelmoral. Tvert om understrekar mange at «man trenger ikke drikke seg dritings hver helg for å være kul». Det er eit motkulturelt trekk.

Unge skal lære å ta ansvar for eige liv. Det vil elles vere uråd å kontrollere. Her vil det seie å kunne ta sjølvstendige og velgrunna val, og stimulerast til ansvar. Fråhald kan vere ei utfordring, eit val som teikn på ein fri livsstil. Men det er ikkje eit teologisk dogme. Måtehald er også ei dygd.

Skal vi kort seie noko om teologiske føringar, så går det på fleire forhold. Det dreier seg om medvit om konteksten. Rus gir signal om å høyre til, og kan vere inngangsteikn for ulike miljø. Då er det meir i pakken, som ein må vurdere. I ein større artikkel frå 2005[1] har eg samanlikna det rituelle ved alkoholbruk med Rom 14, der Paulus viser til tolking av å ete kjøt og drikke vin i ein bestemt samanheng. Handlinga kan bety noko, og dette noko kan analyse av konteksten avdekke. Sjølv om livsstil ikkje er identisk med tru, så brenn tampen. Ein ungdomsleiar går inn i den visjonen ungdomsarbeidet har for å ta vare på og utfalde unge liv i ei viktig fase i deira livshistorie. Utfordringa til ungdomsteologien er å gjere diakonien klarsynt også på dette område, forstå rusproblematikken og lese ungdomskulturen.


[1] «Ungdomsarbeid og ruskultur». I Jan Ove Ulstein (red.): Ungdom i rørsle 2 Faglege perspektiv og utfordringar. Trondheim: Tapir.

Relaterte artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *