http://www.flickr.com/photos/7981452@N08/4629708231/

Du veit vel om at du er syndefull? 1


Skrevet av Bård Eirik Hallesby Norheim


Songen er etter kvart vorte ein kristen-sviske med høg ”Minns du sången”-faktor, men Ingemar Olsson sin åttitalsslager ”Du vet väl om att du er värdefull” gjer stadig vekk comeback i kristent ungdomsarbeid, og gjerne i ein inderleg versjon på konfirmantleir. Songen målber ein fantastisk bodskap, som er djupt evangelisk: At du er elska for din eigen skuld, at du er viktig her og no. Men av ein eller annan grunn er det ingen som har tatt på seg å skriva ein oppfølgjar – helst på nynorsk og i moll – med tittelen: ”Du veit vel om at du er syndefull”.

Dei siste tiåra har eg inntrykk av at vi som forkynnarar i kristent ungdomsarbeid har blitt gode på å forkynna eit ”du vet väl om att du er värdefull”-evangelium. Dette evangeliet formidlast som motgift til norske ungdommars (visstnok) plaga sjølvbilete: Om alle andre sviktar, om ingen andre vil vera med deg eller toler deg, så vil Gud, eller kanskje helst Jesus, alltid vera der. Han elskar deg ufatteleg høgt. Ja, ”Gud er så glad i meg at han kan ikke holde øynene fra meg,” for å seia det med ein annan åttitalsslager, Børudgjengen.

Denne forelska guden møter oss også gjennom mykje av den samtidige lovsongen som teppebombar mesteparten av kristent ungdomsarbeid i Noreg. Ein slik forelska gud vert lett ein slags overstadig rosande metaversjon av Idol-dommar Jan Fredrik Karlsen: Ein som berre diggar meg og alt eg er. Ein som stadfestar eit univers der eg er stjerna.

Det er ingen tvil om at det var gode grunnar til å korrigera ei kristen ungdomsforkynning som forkynte om synd  slik at kristenlivet etter kvart vart ei nevrotisk øving i alt det ein ikkje burde gjera. Det er heller ingen tvil om at vi skal fortsetja å måla Guds kjærleik med brei pensel, men vi må kanskje spørja oss om ikkje nokre av dei mest ukritiske penselstroka hindrar oss i å tala sant om menneskelivet og den verda vi lever i. I 1 Joh 1,8 les vi: ”Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss.” Synd, skuld og soning er ikkje perifere tema i det kristne plotet. Det er heilt sentrale motiv om det skal vera mogeleg for oss å forkynna breitt, sant og fulltonande om forholdet mellom menneske og Gud. Den forelska guden vert utfordra av guden som ikkje tolar synd, som ikkje tolar vondskap.

Som kristne forkynnarar skaffar vi oss fort eit bortforklaringsproblem om vi teier om synd. Ein dag tek ungdommane til å lesa Bibelen sjølve – kan ein håpa. Og då kan det vera at dei finn ut at norske ungdommars truga sjølvbilete ikkje var den einaste grunnen til at Jesus døydde på krossen.

Kva er så poenget mitt?

Det er kanskje like greitt at ”Du veit vel om at du er syndefull” aldri blir skriven, men eg trur at vi som arbeider med forkynning til ungdom har god grunn til å reflektera – saman og på nytt – over korleis vi forkynner om synd til ungdom – og oss sjølve – i dagens kontekst. Det trur eg, for å seia det forsiktig, at vi ikkje er heilt ferdige med. Det vert heilt sikkert annleis enn på åttitalet. Heldigvis. Refleksjonen om slik forkynning trur eg må starta med ei erkjenning av at ryktet om synda og skuldas retoriske død er betydeleg overdrive. Forkynning om synd handlar ikkje først og fremst om å utarbeida og formidla fulldekkande synderegister, men om å reflektera over synd som ei avgjerande side ved det å vera menneske og korleis synda bryt i sund det Gud har skapt. Eller for å seia det med ein finne eg møtte: ”We must not do our theology so that we become unable to address radical evil!”

Bibelsk forkynning om synd skal føra menneske til Gud og til verda: Først til frelsa i Jesus Kristus og så til oppbrot frå det som hindrar Guds gode gjerning i verda. Sann forkynning om synd kan vera eit vern mot ein sjølvopptatt teologi og eit sjølvsentrert kyrkjeliv, fordi slik forkynning kan let Gud avkle uretten som vert gjort mot vår neste og mot Guds skaparverk. Kristen fridom og forkynning om synd heng saman, og forkynning om synd skal avdekkja dei forbanna ”banda som bind”, slik at menneske kan få del i ”velsigna band som bind”.

Så: Korleis skal vi forkynna om synd til ungdom i dag?

Køyr debatt!

Foto: http://www.flickr.com/photos/7981452@N08/4629708231/

Relaterte artikler


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Én tanke om “Du veit vel om at du er syndefull?