http://www.flickr.com/photos/natalinha/3414877381/in/photostream/

Vilkår for ungdomsarbeid? 1


Skrevet av Jan Ove Ulstein


Helsing frå middlealderen

Å ha nådd ein viss alder gir både eit handicap og eit forsprang. I forhold til dagens virtuelle arena vil ein sterkt middelaldrande vere innvandrar i forhold til ein ungdom, som er innfødd på verdsveven. Generasjonane skifter dessutan fort, så ein kan aldri vere heilt sikker på å skjøne kva som går føre seg. Samtidig er vår felles kristne tradisjon noko som viser erfaring av levd tru og refleksjon over trus- og kyrkjeliv. Der ligg faktisk mykje innsikt å ventar å bli teken i bruk. I ungdomsarbeidet ser ein at det stadig raknar mellom generasjonane, t.d. når nokon tek over for andre. Andre sine erfaringar blir gløymde, ein må ha sine eigne, og vil finne opp noko sjølv. I ungdomsarbeidet har det dessutan vore forholdsvis lite fagleg produksjon, med fleire unntak. No ser ungdomsteologien til å få ein klar oppsving i Norge. Det er faktisk på tide. Om Paul Otto Brunstad har rett i at ungdomsgenerasjonen er dei første som merkar endringar i kulturen, som eit forvarsel, så understrekar det behovet for å utvikle teologi som er tett opp til det som rører seg. Ein teologi må derfor vere nær praksis. Men må vere teologi og ikkje tidssignal.

Min bakgrunn for å drive med litt ungdomsteologi er ganske enkelt den at eg sidan 1986 har hatt ansvaret for studiet ved Ten Sing Norway. Det har utfordra til å få gitt ut rapportar og arbeid i tilknyting til deira aktivitetar. Ei oppgradering av ei ressursbok førde til to store bind med Ungdom i rørsle, med bidrag frå om lag førti skribentar. Derfor driv ein middelaldrande med ungdomsteologi – og fordi det heng saman med ei teologisk interesse for kva kultur og samfunn betyr for teologi og kyrkjeliv.

Nokre trekk frå nær historie

For tida arbeider eg med ei lita framstilling av ungdomsarbeid i lengdeperspektiv, i forhold til dei vilkår ungdomsarbeid har skjedd innanfor, og i forhold til bruk av ulike media og kommunikasjon ved dei.  Eg er faktisk gammal nok til kjenne utviklinga på kroppen. Ei hovudsak for meg er å sjå kva vilkår der til ei kvar tid var for å drive ungdomsarbeid, og kva metodar, strategiar og teologiar som då kom i sving. Same spørsmål stiller eg til dagens arbeid.

Eg vaks opp på bedehuset på Vestlandet, og kjende pietismen frå innsida. Ungdomsarbeid var der eigentleg ikkje. Det som bar namnet indremisjonsungdomsforeining (IUF) var vaksendominert med to programformer: vitnemøte og bønemøte, men der var ungdomsmiljø knytt til musikklaget eller strengemusikken. Samtidig var eg med i Ungdomsforbundet (KFUK/M) der det etter kvart vart utvikla eit programtilbod utover det åndelege, med opne ungdomskveldar. I den organisasjonen prøvde ein på 50-60-talet å vinne ein heil generasjon ved å vere om lag åleine med fritidstilbod. Det var fritidssamfunnet si byrjing etter krigen, då ein først fekk ein ungdomskultur å snakke om. Med miljøtiltak og andakt dreiv ein ambisiøst klubbarbeid, heilt til den store tilslutninga vart utkonkurrert av kommunale ungdomsklubbar – og eige tensingarbeid. Indremisjonen kom etter når det gjaldt kreative aktivitetar.

Medan bedehusmiljøet var evangeliserande utover – vi song og vitna på haldeplassen 17. mai, så seier arbeidsforma i klubbarbeid at vekkingsforkynning ikkje høyrer til den forma. Då satsar ein på langsiktig påverknad. Ten Sing har same tankegang.

Etter kvart kom fritidssamfunnet for fullt og meir kommersialisert og profesjonalisert. Dei kristne aktivitetstilboda vart stadig meir krevjande, og det var andre som gjorde det like bra. Og kvifor skal kjenneteiknet på å vere kristen ungdom vere kva du gjer på i fritida? Det kom til ei slitasje på leiarane i tillegg. Dei var sikkert like gode som før, men traff ikkje det sosiale behovet i tida for ein ny generasjon.  Kanskje skulle ein gjere noko anna? Å vere på rett plass til rett tid er ein viktig kunst. Ofte kom temaet opp: Frå program til relasjon. Det røpa ei nyorientering og nye behov. Men den som harselerer med at det ikkje fanst relasjon før, er historisk bevisstlaus. Dei store programheltane brukte den posisjonen dei fekk til å knyte relasjonar. Og å ha opplevd noko kjekt i lag gav det beste utgangspunktet for kjennskap og vennskap

Generasjonspreget

I dag er karismatikk ligth kanskje den form som er mest framme i ungdomsarbeid, eller meir konsentrer kristen profil, til fortrengsel for eit ope miljøarbeid med låg terskel. Kristen ungdom verkar meir økumenisk opne, og svitsjar gjerne over til andre kyrkjesamfunn der det høver. Truleg ikkje fordi dei økumeniske, men fordi det ikkje betyr så mykje. Det er eit postmoderne trekk: ulike retningar blir ikkje skiljeteikn, men variasjonar ein kan prøve ut. Raskt omløp av (lov)songar er eit anna trekk, og ei internasjonal orientering. Å knytte vennskapsband er kanskje det mest framtredande, saman med happenings.

Det store spørsmålet er for ungdomsteologien kva desse nye vilkåra er, og kva ein kan gjere for å ta utfordringane. I vekkingsforkynninga var kallet: kom som du er. Det rekk utover den sjangeren. Ein kan ikkje skaffe seg eit nytt folk, som mange politikarar gjerne vil, slik at programmet deira høver og dei kan få gjenval. Kva vilkår er det i dag for å forme kristen tru og identitet?

For tida lurer eg på kva den virtuelle livsforma gjer med ein ny generasjon. Det er medieformer som skaper noko nytt, men det er ikkje nytt at kristent arbeid har brukt dei kommunikasjonsmiddel som er for hand. Barak Obama vann etter seiande valkampen på internett. Hans rådgivar var nyleg i Oslo og understreka at internett først og frems førebudde ei dør til dør aksjon, ansikt til ansikt + at ein vart raskt informert. Så den fysiske kontakten blir nok ikkje avleggs.

Mitt sluttspørsmål er: kan nattverd feirast på nettet? Kvifor? Kvifor ikkje?

Foto: http://www.flickr.com/photos/natalinha/3414877381/in/photostream/

Relaterte artikler


Legg igjen en kommentar til Kristian Nesbu Vatne Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Én tanke om “Vilkår for ungdomsarbeid?

  • Avatar photo
    Kristian Nesbu Vatne

    Det er bra å ha med noen eldre kloke hoder som deg i denne samtalen om ungdomsteologi. Jeg syns du har flere gode kommentarer i denne artikkelen. Til ditt siste spørsmål er min første reaksjon at det selvfølgelig ikke går an. Men la oss tenke oss hvordan en slik nattverdsfeiring kunne blitt gjort på internett. Deltagerne logger på med webkamera inn på et privatforum eller via Skype. En leder innstifter nattverden og ”deler” dem ut mens hver deltager har elementene og tar dem der hvor hun/han er. Blir dette en rett nattverd?

    Du henviser til Obamas rådgiver som sa at internett var forberedelsen til ansikt til ansikt kontakten og slik tror jeg det må være med nattverden også. Det er vel og bra med nettkirker, evangelisering på nett osv, men jeg tror det personlige møtet i fellesskapet er enda viktigere. Et annet spørsmål er hvordan Gud opptrer på Internett? Der 2 eller flere er samlet sier Jesus at han er mitt i blant oss. Det betyr vel at Gud er tilstede hvis vi er 2 eller flere kristne samlet i et internett forum?