http://www.flickr.com/photos/bekkchen/448840991/

”Men det har ingenting med at eg er kristen å gjera!” 2


Skrevet av Bård Eirik Hallesby Norheim


Eg er avhaldsmann. Det fører til at eg ofte får eit forklaringsproblem i festleg lag:  ”- Ok, du drikk ikkje alkohol? Kvifor det? Ikkje fordi du er kristen vel?” For meg har dette ført til at eg ganske mange gongar har tatt meg sjølv i å avslutta eit lengre avvæpnande resonnement med stadfestinga – ”men det har ingenting med at eg er kristen å gjera!”

Eg har lært meg at for ein som kjem frå Vestlandet, skriv på nynorsk, og i det meste sikkert framstår som ein livsfornektande skap-pietist (det skal ikkje så mykje til med Hallesby i namnet), kan det vera behov for sosialtaktisk brannslukkingsarbeid når temaet blir alkohol.

Men etter kvart har eg begynt å lura på om eg har gjort det for enkelt for meg sjølv med dette svaret. I ein kronikk i Aftenposten 04.07.11( http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article4163321.ece ), går forskar Øyvind Horverak i strupen på alle som vil kostnadbestemma kva alkoholen kostar samfunnet. Poenget til Horverak er ikkje å fornekta alkoholens samfunnsutgifter, men å understreka at det ikkje er økonomi, men etiske avvegingar som må avgjera alkoholpolitikken.

Alkoholbruk – også i tilknyting til kristent ungdomsarbeid – handlar om etikk. Etikk handlar om kva vi gjer, men også om kven vi er. Dette vart ei påminning for meg om kvifor eg er avhaldsmann. Eg er ikkje vakse opp med at alkoholforbruk, verken den eine eller andre vegen, gjer nokon til kristne. Men i ein del kristne miljø har dessverre alkoholbruk blitt ein uheldig innanfor-utanfor-markør.

Likevel vil eg med glede og stoltheit halda fram at avhald frå rusmiddel kan vera ein kristen praksis – om det som praksis er retta inn mot å vera til hjelp og teneste for nesten. Men det er ikkje ein spesifikt kristen praksis, slik som nattverd og bibellesing. Med andre ord. Avhald er ikkje den einaste mogelege ”kristne” omgangen med alkohol.

At eg ikkje drikk alkohol, har altså noko med at eg er kristen å gjera, men argumenta for avhald er ikkje eksklusivt kristne argument. For meg er det likevel det at eg har vore med som leiar i kristent ungdomsarbeid som er hovudgrunnen til at eg ikkje nyt alkohol.

Her er – veldig kort – mine hovudargument for avhald:

  • Vern om det gode fellesskapet. Avhald kan vera med å bidra til at eit fellesskap kjennest tryggare for dei som treng det, og det er dessverre ein del. Det kan gjera det lettare for andre, for kortare eller lengre periodar å velja avhald. Dette argumentet vert ofte kalla ”omsynet åt dei veike” med utgangspunkt i Paulus sine argument i 1 Kor 8, sjølv om eg vil understreka at det er grunn til å ta omsyn til meir enn berre samvitet til nesten, som er det som er fokus for Paulus i 1 Kor 8.
  • Vern om det gode livet. Mitt viktigaste argument mot mitt eige avhaldsstandpunkt er at Gud har skapt oss for å gleda oss over skaparverkets godar. Eg har få problem med sjå at alkohol for mange er eit stort gode, som vitnar om Guds skapande stordom. Likevel er det eit svært ambivalent gode, som er ei avgjerande faktor i mykje livsøydeleggjande verksemd – tjuveri, økonomisk vald, drap, seksuelt misbruk for å nemna noko. Difor vert det på www.avogtil.no tilrådd 8 alkoholfrie soner som har som utgangspunkt nettopp at ein vil verna om livet.
  • Fridom. Å vera avhaldsmann har gitt meg stort fridom til å vera tilgjengeleg som sjåfør når det trengst eller til på andre måtar kunne bevega meg fritt for å kunne vera til teneste for nesten.

Kva er dine hovudargument, som kristen ungdomsleiar, for di haldning til rusmiddel?

Foto: http://www.flickr.com/photos/bekkchen/448840991/

Relaterte artikler


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 tanker om “”Men det har ingenting med at eg er kristen å gjera!”

  • Avatar photo
    Espen Andreas Hasle

    Bra skrevet og enda bedre tenkt, Norheim! For meg er også 1 Kor. 8 den viktigste passasjen i Bibelen når jeg har tenkt ut min holdning til alkohol.
     
    Så må jeg få legge til en ting til. Etter hvert som jeg har blitt eldre og rikere ser jeg hvor mye jeg faktisk er villig til å bruke på mitt eget velvære, og veklsler uhemmet mellom å glede meg over det og bekymre meg kraftig. Alkohol er et område med potensial til høyt luksusforbruk. Da er det godt for meg å avstå fra i det minste et område hvor jeg vet at jeg kunne brukt mye penger på 10-20-50 år gamle dråper fra Skottland og Frankrike.
     
    Men det viktigste er solidariteten alle barna, ungdommene og voksne som lider på grunn av egen eller andres alkoholbruk. Det er for meg et enkelt valg, denne industrien vil jeg ikke ha noe med å gjøre.

  • Avatar photo
    Njaalogtraad

    ROM 14.

    Solidaritetsprinsippet, omtanken for den svake etc. er jo klassisk ovenfra og ned-pietisme. Det er ikke hybris å mene at en kan nyte alkohol med barn ansvarsfullt. Hallesby er ditt navn, og det er ditt kors å bære;) Selv er jeg jo i slekt med H.N.Hauge, uten at det kan sies å ha satt noen dype spor!

    Nå er vi i skandinavia belemret med en tradisjon der det inntil for et par hundre år siden var viktig for øvrighetspersoner å vise seg meget beruset offentlig fra tid til annen, dette er en kulturell utfordring. 

    Uansett, som kristen, som humanist, som whatever..man skal ikke trenge å forsvare et avholdsstandpunkt i noe som helst. Ihvertfall så lenge en ikke sier i fra seg muligheten til å flambere biffen på søndag!