http://www.flickr.com/photos/lorenia/615728197/

Frå Egoist til Gloria eller frå Gloria til Egoist?


Skrevet av Bård Eirik Hallesby Norheim


I restaurantgata i Gamlebyen i den estiske hovudstaden Tallinn ligg den legendariske restauranten Egoist. Då restauranten vart etablert på 1990-talet, vart han rekna som den finaste og mest gastronomisk avanserte restauranten i Tallinn. For dei som ønskte å eta i lag med den russiske mafiaen, så var den enklaste (og kanskje også sikraste) løysinga å bestilla bord på Egoist. I motsetnad til mange av dei andre restaurantane i Gamlebyen som aktivt går ut på gatene for å lokka folk til seg, spelar Egoist ut eit image som uinntageleg, og avstengd frå omverda. Men kjem du først innanfor dørene til denne dekadensens høgborg er bordet dekka for at du kan velta deg i ekstravagant nyting og utøva frimodig fråtsing som kardinaldyd.

Egoist har også ein søsterrestaurant i Tallinn, med same eigar, Gloria. Gloria ligg i ei rivne i bymuren som omkransar Gamlebyen. Sjølv om Gloria også byd på gastronomisk nytingar i godt monn, så er kontrasten til Egoist tydeleg. Der Egoist indirekte lokkar med den russiske mafiaen, skryt Gloria av at dei har hatt besøk av paven og Lech Walesa. Der Egoist feirar fråtsinga, feirar Gloria skaparverkets gleder. (Nokon har også brukt Gloria til frieri, men det er ei heilt anna historie).

Kva i all verda har dette med kristent ungdomsarbeid å gjera? Vel, så langt som biletet rekk, så kan kanskje denne forteljinga om to restaurantar med same eigar vera ei påminning om kva slags danning kristent ungdomsarbeid skal by på: Om det er slik at kristent ungdomsarbeid skal innby til ei øving i det livet som går frå Egoist til Gloria, ein invitasjon til å bryta opp frå det sjølvsentrerte livet og bli med i det lovsyngjande livet, det gudvendte livet som vender deg frå Gud til nesten og skaparverket. Til eit liv der evangeliet som syng i deg er følgjande: “For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv.” (Rom 14,7)

Eg trur det er slik, men eg trur også at vandringa frå Egoist til Gloria for mange startar med lovsong: Lovsongen i forkant av juleevangeliet, om han som sender dei rike tomhendte frå seg og mettar dei svoltne med gode gåver (Luk 1,53), avslører nemleg inngangen til Egoist: Dette er ikkje inngangen til det ypperste mennesket kan by på, men ein avgrunn som avdekkjer kva som skjer når mennesket lever utan å setja grenser for eiga nyting.

Derimot viser Marias lovsong, om han som lyfter opp dei låge, veg til den frigjeringa som ligg i sjølvbegrensing og forsaking. Og til korleis denne frigjeringa set i gong eit nytt Gloria, englelovsongen, lovsongen om han som gjer det berre Gud kan gjera. Med dette er bordet duka for kristent ungdomsarbeid som ei danningsreise Gloria-Egoist-Gloria til Guds ære og frelse for menneska, og for fred og rettferd på jorda.

Foto: http://www.flickr.com/photos/lorenia/615728197/

Relaterte artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *