http://www.flickr.com/photos/boojee/5242517502/

«Klart vi kan forandre verden» Eit forsvarsskrift for ironien.


Skrevet av Bård Eirik Hallesby Norheim


«Klart vi kan forandre verden» Eit forsvarsskrift for ironien.

I Noreg er adventstida høgsesong for dommedagsprofetar og andre som er glade i alvor. Kanskje er det noko med novembermørket? Olav Egil Aune i Vårt Land skriv dagen etter første søndag i advent, mandag 28.november, ein kommentar der han lovprisande gler seg over ironiens retur og alvorets triumf i den nye generasjonen av ungdom og unge vaksne. Aune heiar fram ein ny generasjon som ”ikke ler vekk alt, ler av alt og ler seg lamme inn i en metodisk grådighetskultur.”

Eg er fødd i det ironiens år 1973, og fødeåret gir meg såleis medlemsskap i ironigenerasjonen (evt Generasjon X – dei som vart fødde ca 1961-1981). På eit vis beundrar eg neste generasjon (Milleniumsgenerasjon, Generasjon Y – dei som vart fødde ca 1982-2000) for deira uproblematiske omgang med store ord og nærspråk: Dei proklamerer utan skeive smil ”klart vi kan forandre verden” i den eine augneblinken, og i den neste augneblinken gir dei seg heilt hen i dei mest intimt naive, evt naivt intime, lovsongsmetaforar. (I parentes bemerka: Framveksten av Kirkens Nødhjelps ungdomsorganisasjon, Changemaker, og den allestadsnærverande lovsongen er to typiske teikn på det tiltakande fråveret av ironi).

At det å le i utide, evt for ofte, skulle lokka deg inn i ein ”metodisk grådighetskultur”, høyrest svært skremmande ut, og om det verkeleg er slik, ser eg at eg må stramma opp det generelle stemningsleiet i familien og ikkje minst gå inn i barneoppdraginga med nytt alvor og meir presisjon. Det Aune dessverre ikkje har fått tak i, er at for mange av oss var ironien ein strategi nettopp for å verna om alvoret, og kanskje til og med om ansvaret. I ei verd der ironigenerasjonens foreldre (baby-boomarane – dei som vart fødde ca 1943-1960) med stort alvor braut ned og avmystifiserte alle tabu, vart ironien for mange ein forsvarsstrategi. Bruk av den potensielt fleirtydige ironien vart ”ironisk nok” eit forsøk på å gjenvinna meining, ved å le av foreldregenerasjonens altomfattande alvor, nettopp for å verna om det fleirtydige.

Kva har så dette med ungdomsarbeid og advent å gjera? For min del – ganske mykje. På byrjinga av nittitalet blei eg med i eit slags ”ungdomsarbeid”, eller helst ei sporadisk aksjonsgruppe, som kalla seg ”Vafler for Fred”. Konseptet var enkelt og med ei herleg ironisk slagside: I adventstida møtte ein opp utanfor kjøpesentre, på Oslos t-banelinjer eller ved tilfeldige gatehjørne med nysteikte vaflar og delte dei ut med utropa ”vaflar for fred!” og ”det beste i livet er gratis!” Det forvirrande for dei fleste som tok i mot vaflar var at vi ikkje representerte nokon organisasjon eller noko føremål – verken Sjømannskyrkja, Røde Kors eller det lokale idrettslaget – eller evt kjøpesenteret. Poenget var rett og slett berre å laga og dela ut vaflar – gratis og uorganisert – fordi det var gøy. Noko å le av midt i den metodiske grådighetskulturen. Aksjonsforma spreidde seg etter kvart til både Tyskland og Estland.

Poenget er:  Til og med for ein som er fødd i 1973 er det klart at ironien kanskje ikkje er beste reiskapen for å få på plass ein bindande klima-avtale. Samstundes er det ikkje sikkert at alvoret kan fungera som garantist for eit fleirtydig syn på verda, på mennesket, og kanskje til og med ”gud”.

Heilt til slutt: Det er ikkje vanskeleg å vera ”kompakt enig” med Aune som er ”kompakt uenig” med den norske ungdomsforskingas far, Tormod Øia, som okkar seg over at dagens unge er grusomt kjedelege fordi dei ikkje i like stor grad som Øia brukar ungdomstida til utagerande festing. Overfor ei slik utsegn treng ein ikkje eingong ironi for å verna om alvoret.

Foto: http://www.flickr.com/photos/boojee/5242517502/

Relaterte artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *