NETTSAMFUNN UNGDOMSARBEID
Back to Basic

Back to basic

I en stadig mer pluralistisk hverdag, hva vil det si å praktisere kristen tro?

Av Bård Eirik Hallesby Norheim

Konfirmantar i dag klagar ikkje over at konfirmasjonstida er kjedeleg, men legg bileta og videoen frå kveldsbønna på konfirmantleir ut på Facebook for å dela denne eksotiske erfaringa med vennane sine.

Etter kvart som heim og skule som stadar for trusformidling og trusopplæring har vorte svekka, er kyrkja si rolle vorte mykje viktigare og meir avgjerande enn før. Mange ungdommar gjer sine første erfaringar med eit fellesskap som praktiserer tru nettopp i konfirmasjonstida.

Den same oppdaginga er bakgrunnen for eit nytt paradigme for kristent ungdomsarbeid som har vakse fram både i USA og i England. Kristent ungdomsarbeid i eit etterkristent samfunn skal ikkje vera ein fritidsaktivitet som byr på pizza og vern mot verdas farar eller forsøker å overgå anna ungdomsarbeid med kulare tilbod. Kristent ungdomsarbeid skal gi autentiske møte med ein kristen livsstil. Ein livsstil som er levande nok og fleksibel nok til å vara og modnast livet ut, slik at ein gir rom for ei mobil tru. Skal kristen tru gi meining, må ein utleggja og leva det praktisk som liv. Back to basics er stikkordet. Krossteikning, lovsong, nattverd, skriftemål, omsorg for nesten og bibellesing er ikkje lenger kjedeleg, men eksotisk. Sjølvsagt kan det verta kjedeleg, men det treng ikkje vera det for ein eksperimentell ungdomsgenerasjon som ropar smak – sjå – kjenn.

Og ikkje minst: I ein tydeleg fleirreligiøs kontekst er det mange konfirmantar som møter kyrkja og konfirmasjonstida med spørsmålet: Kva gjer eigentleg dei kristne? Korleis praktiserer dei trua si? Muslimane har ramadan og jødane har sabbaten, men kva gjer dei kristne?

Ja, kva gjer eigentleg vi kristne?
Det finnast ein viss reservasjon, eller blygskap, for å snakka om tru og praksis i same andedrag for norske lutheranar. For å koma til rette med denne blygskapen, som den oppvaksande ungdomsgenerasjonen skjønar lite av, meiner eg det er to understrekingar som er særleg viktige. Eg vil her bruka mest tid på den siste.
1)Kyrkja er (alltid) i ein misjonssituasjon
Kyrkja kan ikkje lena seg mot at vi lever i eit kristent land. Som kyrkje må vi gjenoppdaga at vi er sendt til folket og til den tida vi lever i. Vi deltek i Guds misjon i verda. Kyrkja er alltid sendt. Ho er misjonal.

2)Dåpen må tolkast som liv, og ikkje livsforsikring
Martin Luther skriv i innleiinga til dåpen i Den store katekisma(1529):
Derfor skulle alle holde dåpen for å være en kledning som han går med hver dag. Han skulle alltid ha den på seg, så han kan leve i troen og dens frukter, dempe det gamle menneske og vokse i det nye menneske. For hvis vi vil være kristne, så må vi praktisere den gjerning som har gjort oss til kristne. 

Kva vil det seia å praktisera ”den gjerning som har gjort oss til kristne”?
 
Å praktisera dåpen handlar først og fremst om å ta noko for gitt: livet i Kristus som
vert gitt i dåpen. Dette livet vert gitt oss gratis. Det gjer oss til mottakarar, til
truande. Trua er ei gåve, ei gåve som kan brukast og praktiserast. Denne gåva
opnar augo våre slik at vi kan ta verda for gitt, som Guds verd. Når vi praktiserer tru, vert heile livet ei omvending tilbake til Gud og til Guds skaparverk. Vi vert sett fri til å ta i mot Gud og Guds verd som ei gåve. Difor vil eg altså hevda at det å praktisera tru handlar om å leva ut den gåva – praktisera –  den gåva som vert gitt i dåpen. Dåpen er ikkje først og fremst ei livsforsikring som ein legg i ei skuff, men eit liv som ein er gitt å leva.

Korleis gjer ein dette?

Martin Luther hevdar i tredje del av skriftet Om konsiliar og kyrkja frå 1539 at kyrkja har sju (ytre) kjenneteikn:
1. Guds Ord
2. Dåpen
3. Nattverden
4. Nøklemakta (tilgjeving)
5. Teneste (embete)
6. Bønn
7. Etterfølging

Del på Facebook Del på Facebook Skriv ut Skriv ut
Tips en venn
sss

Kommentarer til denne artikkelen:

Spam-stopper


Flere nyheter

Tema

Det nye temaet på Ungdomsarbeid.no er Bibelen. Fremover vil vi fokusere på ulike sider ved Bibelen. Hvordan kan man bruke Bibelen mer aktivt i et ungdomsarbeid? Hvorfor lese Bibelen? Er Bibelen hellig eller en bruksbok? Gjennom artikler og tips vil vi prøve å komme litt nærmere verdens viktigste bok. Bli gjerne med og kommentere!

Snakk med nettpresten

Nå kan du hver onsdag mellom kl. 10-12, chatte med nettprest Idun Strøm Sefland, eller send mail til idun (at) nettkirken.no!

Iduns blogg